Tårnet

Korleis kom eg hit? Kva prøvde eg å nå?
Vart det altfor mykje fokus, så heile prosessen gjekk i stå?
Eg har bygd eit tårn eg ikkje kjem oppi
Men eg prøver og prøver til mi utmålte tid
er forbi

Eg hugsar eit forsøk, formen var fin
Men forsøket regna bort i nabovarsel og brennevin
Eg har ingenting til overs for fugemasse og silikon
Eg byggjer økologisk, ein rein og organisk
konkstruksjon

Tek sola ifrå alt – tulipanar og rosenknopp
Eg byggjer i bredda, men tårnet går beint opp
Eg trur eg finn teknikken, men havnar fort på bakken igjen
Tilbake til tegnebordet med notisblokk
og kulepenn

Balsatre og ibenholt, mahogni og teak
Tegelstein og munkepuss og gipsornament i krok og krik
Eit makelaust byggverk, men kva hjelp vel pomp og prakt?
Når alt eg sit igjen med er fyllesjuke
og sjølforakt?

Kva gjer eg no? Alt er forbi
Tårnet eg har bygd opp vil aldri bli klatra i
Eg plasserer ikkje skuld, eg bebreidar kun meg sjølv
Så eg drukner mine sorger, og finn fram
ein ny fjøl

Advertisements

One thought on “Tårnet

  1. atgrims oktober 23, 2009, kl. 3:18 pm Reply

    Eit organisk, tungt, jordnært. men akk så HÆRRLIGT dikt Trond. Ser ein liten gnist nede i ditt tungsinn ala Waits & Bukowski.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: